Tilbake

Medverknad

Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som ein likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld han eller henne. I saker som gjeld barn og unge skal dei informerast og høyrast. I tillegg til barna og dei unge er foreldra viktige aktørar. I Voss herad har ein følgjande medverknad på tenestenivå:

  • Elevråd
  • Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
  • Samarbeidsutval/skulemiljøutval (SU)

I tillegg til dei formelle medverknadsråda har ein ulike brukarundersøkingar som gjeld barn og unge. Desse gjev også tilbakemeldingar om brukarane si oppleving av tenestene.

  • Elevundersøking
  • Foreldreundersøking i barnehage
  • Ungdata-undersøking