Tilbake

Medverknad

Medverknad på individnivå handlar om at det er lagt til rette for at barn og unge skal kunne medverke i saker som gjeld dei sjølve. I Barnekonvensjonen artikkel 12 1. ledd heiter det:

Partene skal garantere et barn som er i stand til å gjøre danne seg egne synspunkter, retten til fritt å gi uttrykk for disse synspunkter i alle forhold som vedrører barnet, og tillegge barnets synspunkter behørig vekt i samsvar med dets alder og modenhet.

I Voss herad kan barn og unge medverknad på individnivå på følgjande måtar:

  • Elevsamtalar og utviklingssamtalar i skulen
  • Barnesamtalar og foreldresamtalar i barnehagen
  • Skulehelsetenesta: Samtalar med helsesjukepleiar på skulen og Helsestasjon for ungdom
  • Barnesamtalar med barneverntenesta

I tillegg kan barn og unge medverke i ansvarsgruppe- eller samarbeidsmøte som gjeld dei sjølve.