Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som ein likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld han eller henne. I saker som gjeld barn og unge skal dei informerast og høyrast. I tillegg til barna og dei unge er foreldra viktige aktørar. I Voss herad har ein følgjande medverknad på tenestenivå:
- Elevråd
- Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)
- Samarbeidsutval/skulemiljøutval (SU)
I tillegg til dei formelle medverknadsråda har ein ulike brukarundersøkingar som gjeld barn og unge. Desse gjev også tilbakemeldingar om brukarane si oppleving av tenestene.
- Elevundersøking
- Foreldreundersøking i barnehage
- Ungdata-undersøking